Søk i denne bloggen

fredag 12. juni 2009

Ekstremsport og spennande krim


Andrew Fusek Peters: Skitne triks

"Hadde han i det hele tatt noen sjanse? Det var rått parti. Tre veltrente menn mot én gutt på skateboard i en blindgate. Hjulene på brettet var harde som betong, og dirret mot underlaget. [...] Dette her bør helst være det riktige smuget! tenkte han. Ellers er jeg ferdig..."

Denne spennande jakta på Break er opptakta i boka Skitne triks, men historia byrjar ei tid før dette.

Charlie (som er jente) sin far har ei fortid som kriminell, men har nå fått skikk på livet sitt. Men når eitt av dei verdfulle fabergé-egga vert sjålne frå ei utstilling i London, kjem han fort i politiet sitt søkelys og blir arrestert. Dette kan ikkje Charlie akseptera og kontakter gjengen. Dermed er jakta på dei verkelege forbrytarane i gang.

Alle dei fire i gjengen er spesialistar på kvar sitt felt: Break er superskater og ein av dei fire Skateboard-detektivane. Dei tre vennene hans har andre spesialitetar: Ben har utvikla teknikk som friløpar (oppetter vegger), San er datahackar, mens Charlie er reine sirkusartisten og "slangemennske". Og dei skal få god nytte av ferdigheitene sine for å redda faren til Charlie.

Dette er spenning og actioneventyr i høgt tempo. Passar for alle eventyrlystne lesarar frå 12-13 årsaldaren og oppover. Teksten inneheld ein del ord som data- og ekstremsportsinnvigde nok har betre oversikt over enn underteikna, men boka er lett å lesa sjølv om historia høpp litt fram og tilbake i tid. Stor og god skrift.

Dette er første boka i serien "Skateboard-detektivene". For særleg intresserte har forfattaren (som visstnok skal vera 203 cm høg!) eiga nettside http://www.tallpoet.com/


Skrive av: Aud Søyland Kristensen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar